Norges Bank

Krisehandtering

Finansielle problem kan dukke opp uventa, spreie seg raskt og ha store samfunnsøkonomiske kostnader. Myndigheitene prøver å unngå at finansielle kriser skal oppstå, og har beredskap slik at dei er førebudde til å handtere ei krise. Å førebu seg på å handtere ei finansiell krise er ein viktig del av Noregs Bank sitt arbeid med finansiell stabilitet.

Beredskap for betalingssystemet

Sentralbankar har eit spesielt ansvar for at betalingssystemet fungerer til kvar tid, og for å kunne dekkje behovet samfunnet har for setlar og myntar også i ekstraordinære situasjonar. Noregs Bank arbeider med beredskap for betalingssystemet både internt for systema til sentralbanken, inkludert kontantforsyninga, og eksternt for infrastrukturen i den finansielle sektoren, mellom anna gjennom ansvaret som konsesjons- og tilsynsmyndigheit for interbanksystem.

Kvar enkelt aktør i finansiell sektor har eit sjølvstendig ansvar for å redusere risikoen i si eiga verksemd. Dette ansvaret omfattar mellom anna å utvikle stabile driftsløysingar, gode reserve- og beredskapsløysingar og ein robust finansiell infrastruktur.

Arbeidet med beredskap for betalingssystemet er knytt til ansvaret for å fremje eit effektivt betalingssystem og bidra til finansiell stabilitet. Det gjeld internt for systema til sentralbanken, inkludert Noregs Banks oppgjerssystem, og eksternt for infrastrukturen i den finansielle sektoren, mellom anna gjennom ansvaret som konsesjons- og tilsynsmyndigheit for interbanksystem.

For å bidra til best mogleg samordning av beredskapsarbeidet mellom aktørane i den finansielle infrastrukturen blei Beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur (BFI) oppretta i oktober 2000.

Långivar i siste instans

Sentralbankar har tradisjonelt hatt ei rolle som långivar i siste instans (Lender of Last Resort, LLR). Det inneber at sentralbanken kan tilføre ekstraordinær likviditet til ein enkelt bank eller til banksystemet når etterspørselen etter likviditet ikkje kan møtast frå alternative kjelder.

Noregs Bank kan tilføre ekstra likviditet til banksystemet eller til enkeltbankar ved likviditetsproblem. Ekstra tilførsel av likviditet til banksystemet kan vere formålstenleg når det er openbert at likviditetsproblema er av kortvarig karakter og ikkje kjem av meir fundamentale problem. Dersom likviditetsbehovet er stort kan  Noregs Bank måtte sikra låna på ein annan måte enn det som følgjer av forskrift om bankers adgang til lån og innskudd i Norges Bank mv. (”låneforskrifta”) for D- og F-lån, jf. § 9.

Ekstraordinær likviditetstilførsel til enkeltbankar kan vere aktuelt dersom likviditetsproblema er avgrensa til éin eller nokre få bankar med meir fundamentale problem. Noregs Bank kan då yte lån på særlege vilkår (S-lån) for å betre likviditeten. Grunnlaget for slike lån er gitt i sentralbanklova § 3-1 fjerde ledd.

Høvet til å yte ekstraordinær likviditet gjer at Noregs Bank kan bidra til å hindre problem i å spreie seg og dermed hindre ei større krise. Men høvet til å få slik likviditetsstøtte kan òg påverke åtferda i bankane. Dersom bankane trur at dei alltid vil kunne få låne i sentralbanken, kan dei ta større risiko enn dei elles ville gjort. Noregs Bank legg derfor til grunn at ekstraordinær tilførsel av likviditet bør øyremerkjast situasjonar der den finansielle stabiliteten kan vere trua utan slik støtte.

Eit anna viktig prinsipp for ekstraordinær likviditetstilførsel er at Noregs Bank ikkje skal ta unormal kredittrisiko. Sentralbanken skal vere långivar i siste instans. Det blei òg slått fast av Stortinget etter bankkrisa på 90-talet. Långivinga til Noregs Bank skal i slike situasjonar derfor ytast mot trygg sikkerheit, jfr. sentralbanklova § 3-1 femte ledd.

Under den siste finanskrisa gav Noregs Bank S-lån til Bankenes sikringsfond i samband med eit kortsiktig lån som sikringsfondet gav Glitnir Bank ASA.

Samarbeid mellom myndigheitene

Sentralbankar samarbeider tett med andre myndigheiter når det oppstår finansielle kriser, særleg med Finanstilsynet og Finansdepartementet. Ved omfattande systemkriser vil myndigheitene nøye vurdere situasjonen og setje i verk nødvendige tiltak.

Gode kapital- og likviditetsbufferar i bankane er "førstelinjeforsvaret" i alle krisehandteringssystem. I Noreg er Bankenes sikringsfond eit "andrelinjeforsvar". Fondet skal sikre kundane sitt innskot (opptil to millionar kroner) dersom ein bank må innstille drifta. Fondet kan skyte inn eigenkapital og gi lån til ein krisebank dersom det verkar å vere ei betre løysing enn at banken skal avvikle og utbetale dei garanterte innskota.

Myndigheitene vil kunne gripe inn dersom omfanget av krisa blir for stort til at næringa sjølv kan løyse det ("tredjelinjeforsvaret"). Ved omfattande systemkriser vil Finanstilsynet, Noregs Bank og Finansdepartementet vurdere situasjonen og setje i verk nødvendige tiltak. Dei tre myndigheitsorgana har regelmessige møte for å drøfte kriseberedskapen.

Banksikringslova gir detaljerte retningslinjer for korleis myndigheitene skal handtere likviditets- og soliditetskriser i banksektoren. Lova, som blei vedteken i 1996, gir myndigheitene omfattande verkemiddel for å førebyggje og handtere ei krise. Finanstilsynet og Noregs Bank er òg representerte i styret i Bankenes sikringsfond, som har ei sentral rolle når det gjeld å handtere bankkriser i Noreg.  

Internasjonale avtalar

Dei nordisk-baltiske sentralbankane har inngått ein avtale om korleis ein skal handtere ei krise i ein bank som er etablert i fleire enn eitt av landa:

Samarbeidsavtale (MoU) mellom de nordisk-baltiske sentralbankene om grensekryssende banker (15. desember 2016)

Noreg har slutta seg til ein avtale mellom alle dei sentrale myndigheitene (sentralbankar, tilsynsmyndigheiter og finansdepartement) i EU om samarbeid om handtering av ei krise i ein bank som er etablert i fleire enn eitt av landa:

Memorandum of Understanding on Cooperation between the Financial Supervisory Authorities, Central Banks and Finance Ministries of the European Union on cross-border financial stability. (pdf)

I forlenginga av denne avtalen er det oppretta ein eigen avtale mellom dei tilsvarande myndigheitene i dei nordiske og baltiske landa:

Memorandum of Understanding on Cooperation and Coordination on cross-border financial stability between relevant Ministries, Central Banks, Financial Supervisory Authorities and Resolution Authorities of Denmark, Estonia, Finland, Iceland, Latvia, Lithuania, Norway and Sweden (pdf)

 

Sist endret 27. juni 2019 22:25