Norges Bank

Organisering og styring

Verksemda til Noregs Bank er regulert i sentralbanklova. Lova slår fast at Noregs Bank skal være eit utøvande og rådgivande organ for penge-, kreditt- og valutamarknadene.

Ny sentralbanklov trådde i kraft 1. januar 2020. Oppdatert skildring av organisering og styring er under utarbeiding.

Dei øvste organa i banken er hovudstyret, komitéen for pengepolitikk og finansiell stabilitet og representantskapet

Sentralbanksjefen er leiar av hovudstyret, leiar av komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet og dagleg leiar av Noregs Bank, med visesentralbanksjefane som høvesvis første nestleiar og andre nestleiar.

For Noregs Bank Investment Managment (NBIM) skal hovudstyret ansette dagleg leiar.

Sentralbanklova regulerer forholdet mellom Noregs Bank og styresmaktene. Lov om Statens pensjonsfond og mandat for forvaltninga av Statens pensjonsfond utland (SPU) regulerer ansvarsforholdet mellom Noregs Bank og Finansdepartementet når det gjeld forvaltningsoppdraget for SPU.

Sentralbankverksemda er sett saman av avdelingene

Banken har òg ein internrevisjon.

Norges Bank administrasjon (NBA) har ansvar for støttefunksjonar i Noregs Bank.

Ved utgangen av 2018 var det 953 fast tilsette i Noregs Bank. Av disse er 345 tilsett  i sentralbankverksemda og 601 tilsett i Noregs Bank Investment Management.

Noregs Bank blir styrt gjennom ein kombinasjon av mål- og resultatstyring og rammestyring. Sentralbankverksemda blir i hovudsak styrt gjennom strategiplan, mål og rammer og handlingsplanar. Norges Bank Investment Management blir i hovudsak styrt gjennom strategiplan, oppfølging av investeringsmandata og rapportering av resultat.

Norges Banks pensjonskasse

Norges Banks pensjonskasse skal yte pensjonar til medlemene og andre pensjonsberettiga i henhold til inngått pensjonsavtale mellom pensjonskassa og Noregs Bank. 

Årsrapporter - Norges Banks pensjonskasse:

Endret 3. juli 2019 15:37
Endret 3. juli 2019 15:37