Norges Bank

Norges Bank Memo

Kunderetta betalingsformidling 2019

Serie:
Norges Bank Memo
Nummer:
1/2020

Dei fleste av oss handlar og betaler hyppigare enn tidlegare. Vi gjer meir bruk av elektroniske betalingsmåtar og betaler sjeldnare med kontantar. Dette har vore ei utvikling som har gått over mange år. Noreg er eit av landa i verda med flest årlege kortbetalingar per innbyggjar.

Dei seinaste tre-fire åra har mobiltelefonen i stor monn teke over for kontantane ved betalingar mellom privatpersonar. Spørjeundersøkingar syner at tre av fire betalingar mellom privatpersonar vert gjorde med mobiltelefonen, i hovudsak gjennom Vipps. Dei fleste av desse betalingane skjer som straksbetalingar direkte frå konto til konto, der mottakaren kan disponere midlane eit par sekund etter at betalinga har vorte send. 

Netthandelen har vakse svært raskt dei seinaste åra, og betalingar for slik handel står no for nær éi av sju kortbetalingar. Det er handelen gjennom norske nettstader som veks mest.

Spørjeundersøkingar syner at mindre enn éi av ti betalingar på fysiske brukarstader og mellom privatpersonar no skjer med kontantar. Statistikken syner at kontantinfrastrukturen både vert mindre nytta og at delar av han vert bygd ned. Talet på minibankar vert stadig lågare og kvar attståande minibank vert nytta til færre uttak gjennom året. Uttak av kontantar i samband med varekjøp har òg minka monaleg dei seinare åra.

Norges Bank Memo gir analyse og bakgrunn for Norges Banks mandatutøvelse. Utgis fra 2013.

ISSN 1894-0269 (papir) ISSN 1894-0277 (online)

Publisert 19. mai 2020 12:30
Publisert 19. mai 2020 12:30