Pengepolitikk

Regjeringa har fastsett eit inflasjonsmål for pengepolitikken i Noreg. Pengepolitikken skal oppretthalde ein stabil pengeverdi gjennom låg og stabil inflasjon.

Målet

Det operative målet for pengepolitikken skal vere ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2 prosent.

Inflasjonsstyringa skal vere framoverskuande og fleksibel, slik at den kan bidra til høg og stabil produksjon og sysselsetting samt til å motverke oppbygging av finansielle ubalansar.

Gjennomføring og horisont

Pengepolitikken verkar med eit tidsetterslep. Noregs Bank set renta med sikte på å stabilisere inflasjonen nær målet på mellomlang sikt. Den aktuelle horisonten vil avhenge av forstyrringane økonomien er utsett for og korleis dei vil verke inn på utviklinga av inflasjon og realøkonomi framover. I gjennomføringa av pengepolitikken vil Noregs Bank sjå hen til indikatorar for den underliggjande konsumprisveksten. Ulike mål for underliggjande inflasjon blir drøfta i Pengepolitisk rapport. Så lenge det er tillit til at inflasjonen vil halde seg låg og stabil, kan pengepolitikken bidra til å jamne ut svingingar i produksjon og sysselsetting. Pengepolitikken kan likevel ikkje ha eit hovudansvar for høg produksjon og sysselsetting.

Verkemidla

Noregs Bank sitt viktigaste verkemiddel er styringsrenta, som er renta på bankane sine innskot opp til ei viss kvote i Noregs Bank.

Styringsrenta påverkar dei korte pengemarknadsrentene. Styringsrenta og forventningane om den framtidige utviklinga i styringsrenta er avgjerande for innskots- og utlånsrentene i bankane og for renta i obligasjonsmarknaden.

I tillegg til å endre styringsrenta kan Noregs Bank kjøpe eller selje kroner (intervenere) i valutamarknaden for å påverke kronekursen. Noregs Bank har beredskap for å kunne intervenere i valutamarknaden, men vil normalt ikkje bruke intervensjonar. Valutaintervensjonar, anten det er kjøp eller sal av valuta, er ikkje eigna som verkemiddel for å påverke kronekursen over lengre tid. Intervensjonar kan derimot vere aktuelt dersom kronekursen kjem vesentleg utanfor det banken vurderer som rimeleg ut frå fundamentale føresetnader, og kursutviklinga samtidig svekkjer utsiktene til å nå inflasjonsmålet. Det kan òg vere aktuelt å intervenere ved store kortsiktige svingingar i kronekursen når likviditeten i valutamarknaden er sterkt redusert. Noregs Bank har ikkje intervenert i valutamarknaden sidan januar 1999.

Avgjerdsprosessen

Hovudstyret får lagt fram for seg og drøftar hovudlinjene i analysen i Pengepolitisk rapport i eit møte ein til to veker før rapporten blir publisert. På bakgrunn av analysane og diskusjonen vurderer hovudstyret konsekvensane for den framtidige renteutviklinga. Endeleg vedtak om styringsrenta blir normalt fatta dagen før rapporten blir offentliggjord.

Formidling av rentevedtaket

Rentevedtak og rådet om motsyklisk kapitalbuffer blir normalt offentleggjorde i ei pressemelding kl. 10.00 dagen etter rentemøtet.

Samtidig offentleggjer banken "Hovedstyrets vurdering", der ein gjer greie for både dei vesentlege trekka ved utviklinga i økonomien som har fått betydning ved rentevedtaket og for avvegingane i hovudstyret.

Pressemeldinga og hovudstyret si grunngjeving for rentevedtaket er tilgjengelege på internett.

I samband med fire av rentemøta blir også Pengepolitisk rapport publisert. Då blir det kl. 10.30 halde ein pressekonferanse der sentralbanksjefen gjer nærare greie for rentevedtaket i hovudstyret. Pressekonferansen er tilgjengeleg på nett-TV.

Rapportering og etterprøving

Noregs Bank rapporterer om gjennomføringa av pengepolitikken i årsmeldinga. Avvegingane som ligg til grunn for rentesettinga, vil bli offentleggjord regelmessig, blant anna i dei pengepolitiske rapportane.

Rapporteringsplikta for banken har bakgrunn i § 75c i grunnlova om at Stortinget skal føre tilsyn med rikets pengevesen, og i § 3 i sentralbanklova. Årsmeldinga blir send til Finansdepartementet, lagd fram for Kongen i statsråd og meddelt Stortinget i finansmarknadsmeldinga frå Regjeringa. Sentralbanksjefen gjer greie for pengepolitikken i ei open høyring i Stortingets finanskomité i samband med handsaminga av finansmarknadsmeldinga.

Publisert 29. juni 2006 14:01
Endret 2. mars 2018 11:40

Norges Banks rapporter