FAQ - Om Noregs Bank

  1. Kva er Noregs Bank, og kva gjer de?
    Noregs Bank er landets sentralbank og blir gjerne omtalt som ”banken for bankane”. Noregs Bank skal arbeide innanfor dei retningslinjene som er fastlagde av dei politiske styresmaktene, og skal medverke til å fremje tilliten til norsk økonomi og det finansielle systemet. Les meir om oppgåvene til Noregs Bank i årsmelding og rekneskap.

  2. Når blei Noregs Bank oppretta?
    Noregs Bank blei oppretta 14. juni 1816. Les meir om historia til banken og om pengehistorie.

  3. Kven eig Noregs Bank?
    Noregs Bank er eit eige rettssubjekt og er eigd av staten. I sentralbanklova heiter det: ”Banken skal utøve sin virksomhet i samsvar med de økonomisk-politiske retningslinjer som er fastlagt av statsmyndighetene, og med de internasjonale forpliktelser landet er bundet av.”

  4. Kven sit i hovudstyret og representantskapet?
    Oversikt over representantane i hovudstyret og representantskapet.

  5. Held Noregs Bank omvisingar?
    Nei, vi gir ikkje omvisingar for publikum.
Publisert 14. november 2007 15:08
Endret 18. november 2010 10:30