FAQ - Banktenester - Noreg

    1. Kan eg opprette konto i Noregs Bank?
      Nei, det kan du ikkje. Noregs Bank er banken for bankane og utfører ikkje banktenester for private. Sjå Finansportalen for råd om kva bank du bør nytte.

    2. Kan eg veksle utanlandske setlar og myntar i Noregs Bank?
      Noregs Bank har ingen ordinære banktenester for publikum og derfor ingen publikumsekspedisjon. Det er bankane som kjøper og sel utanlandske setlar og myntar til sine kundar.

    3. Eg meiner at banken min har gjort ein feil. Kan eg klage til dykk?
      Nei. Finansklagenemnda er klagenemnd for forbrukarane i bank- og finanssaker. Nemnda behandlar klagesaker mot bankar, forsikringsselskap, inkassoselskap, og andre finansselskap. Elles er det Finanstilsynet som fører tilsyn med bankane enkeltvis, mens Noregs Bank har ansvaret for at heile banksystemet verkar godt og stabilt

    4. Er innskot i norske bankar sikra?
      Alle norske bankar er medlem i Bankenes sikringsfond. Innskot er sikra med opptil to millionar kroner.
       
    5. Kva dagar er bankane i Noreg stengde?
      Det finn du på lista over oppgjersdagar.

    6. Kvar finn eg statistikk over betalingsformidlinga i Noreg, til dømes kor mange betalingskort og betalingsterminalar det er, eller kor mange rekningar som betalast gjennom nettbank? 
      Noregs Bank samlar årleg inn mengde- og prisopplysningar om betalingsformidlinga i Noreg. Opplysningane blir offentleggjorde i Årsrapport om betalingssystem.
Publisert 14. november 2007 14:09
Endret 10. august 2010 12:55