– Vi oppfordrar publikum til å finne fram gamle setlar frå skuffar og skap. Byt inn dei gamle setlane i nye setlar før dei blir verdilause, seier direktør Trond Eklund i avdeling for kontante betalingsmiddel. Fristen for innløysing er 1. november 2012 og gjeld for desse setlane:
- 50-kronesetlar med portrett av Aasmund O. Vinje
- 100-kronesetlar med portrett av Camilla Collett
- 500-kronesetlar med portrett av Edvard Grieg
- 1000-kronesetlar med portrett av Christian Magnus Falsen

Setlane i utgåve VI
Alle som ønskjer å veksle inn slike setlar, må gjere det før 1. november. Setlane kan du løyse inn på desse stadene:
- Ved hovudkontoret til Noregs Bank i Oslo
- Ved depota til Noregs Bank (som blir drifta av Nokas) i Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø
- I bankar som tilbyr denne tenesta til kundane
Meir informasjon om innløysing av gamle setlar og myntar finn du på nettsidene våre.
Kontakt:
Kommunikasjonsrådgivar Kari-Anne Røisgård
Tlf. 22 31 67 07 / 470 23 346
Direktør i avdeling for kontante betalingsmiddel Trond Eklund
Tlf. 22 31 63 01 / 977 49 787