Mandat
Sentralbanklova av 1985 regulerer verksemda til banken. Lova slår fast at Noregs Bank skal vere eit utøvande og rådgjevande organ for penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal utferde pengesetlar og myntar, fremje eit effektivt betalingssystem innanlands og overfor utlandet og overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene. Lova gjev banken høve til å setje i verk tiltak som er vanlege eller naturlege for ein sentralbank.
Regjeringa har fastsett eit inflasjonsmål for pengepolitikken gjennom ei forskrift til sentralbanklova.
Oppgåva Noregs Bank har med å forvalte Statens pensjonsfond utland er regulert gjennom lov og retningsliner med utfyllande reglar.
Kjerneoppgåvene
Klart definerte kjerneoppgåver er utgangspunktet for organiseringa av Noregs Bank.
Noregs Bank skal:
- Fremje prisstabilitet gjennom pengepolitikken.
- Fremje finansiell stabilitet og verke til robuste og effektive finansielle infrastrukturar og betalingssystem.
- Drive ei effektiv og tillitvekkjande porteføljestyring av Statens pensjonsfond utland og bankens eigne valutareservar.
Verdigrunnlag
Noregs Bank skal vere veldriven og arbeide målmedvite i størst mogleg samsvar med beste internasjonale praksis.
Banken skal vise vilje og evne til endring og ha tillit i omverda.
Noregs Bank skal vere nøktern i ressursbruken.
Noregs Bank skal framstå som ei slank og effektiv kompetanseverksemd med sterk konsentrasjon om kjerneoppgåvene.