Mandat og lovgrunnlag

Finansiell stabilitet er eit av hovudmåla til Noregs Bank i arbeidet med å tryggje økonomisk stabilitet. Noregs Bank har ansvaret for å bidra til robuste og effektive finansmarknader og betalingssystem. Eit stabilt finansielt system er òg viktig for å sikre finansiering og risikofordeling i samfunnet.

Kva seier sentralbanklova?

Noregs Banks oppgåver og ansvar på dette området er forankra i sentralbanklova § 1, som seier at banken skal ”fremme et effektivt betalingssystem innenlands og overfor utlandet”, men banken kan òg ”sette i verk tiltak som er vanlige eller naturlige for en sentralbank”. § 3 seier følgjande: ”Banken skal underrette departementet når det etter bankens oppfatning er behov for tiltak av penge-, kreditt- og valutapolitisk karakter av andre enn banken.” Etter lov om betalingssystem, som tredde i kraft i 2000, er Noregs Bank konsesjonsmyndigheit for avreknings- og oppgjerssystema til bankane, dei såkalla interbanksystema.  

Ansvaret til Noregs Bank

Finanskrisa har vist at kostnadene ved finansiell ustabilitet er store. Ein arbeider derfor jamleg både nasjonalt og internasjonalt med sikte på å gjere institusjonar og marknader meir robuste overfor økonomiske forstyrringar. Noregs Bank har direkte og overordna ansvar for tiltak som skal avgrense risikoen i dei norske avreknings- og oppgjerssystema, men bidreg òg med råd og innspel til Finansdepartementet og Finanstilsynet når det gjeld utforming av lover og reguleringar for finanssektoren.

 
Meir informasjon

Bookmark and Share