Finansdepartementet har det overordna ansvaret for at landet har ei velfungerande finansnæring. Departementet har òg ei viktig rolle i koordineringa av verksemda til dei tre myndigheitsorgana dersom det skulle bli ei finansiell krise.
Finanstilsynet har eit særleg ansvar knytt til soliditet, styring og kontroll i finansinstitusjonane og har direkte tilsyn med aktørane i den finansielle sektoren.
Norges Bank skal bidra til at det finansielle systemet er robust og effektivt. Noregs Bank overvakar derfor finansinstitusjonane, verdipapirmarknadene og betalingssystema for å avdekkje utviklingstrekk som kan svekkje stabiliteten i det finansielle systemet. Skulle det oppstå ein situasjon der den finansielle stabiliteten er trua, vil Noregs Bank og andre myndigheiter om nødvendig setje i verk tiltak som kan styrkje det finansielle systemet. Noregs Bank vil kunne tilføre ekstraordinær likviditet til enkeltbankar eller til heile banksystemet.
Trepartsmøte
Det er viktig at myndigheitene har ei felles forståing av situasjonen i finansmarknadene, og at eventuelle særskilde tiltak er koordinerte. Samarbeidet mellom Finansdepartementet, Finanstilsynet og Noregs Bank blei ytterlegare formalisert i 2006 ved at ein begynte med faste trepartsmøte mellom dei tre institusjonane. Finansdepartementet leier møta. Slike møte blir haldne om lag kvart halvår, oftare ved behov. I møta drøftar ein utsiktene for finansiell stabilitet. Ein drøftar òg opplegg for og erfaringar frå kriseøvingar og andre beredskapsspørsmål.
Meir informasjon