Kvar enkelt aktør i finansiell sektor har eit sjølvstendig ansvar for å redusere risikoen i si eiga verksemd. Dette ansvaret omfattar mellom anna å utvikle stabile driftsløysingar, gode reserve- og beredskapsløysingar og ein robust finansiell infrastruktur.
Arbeidet med beredskap for betalingssystemet er knytt til ansvaret for å fremje eit effektivt betalingssystem og bidra til finansiell stabilitet. Det gjeld internt for systema til sentralbanken, inkludert Noregs Banks oppgjerssystem, og eksternt for infrastrukturen i den finansielle sektoren, mellom anna gjennom ansvaret som konsesjons- og tilsynsmyndigheit for interbanksystem.
Beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur
For å bidra til best mogleg samordning av beredskapsarbeidet mellom aktørane i den finansielle infrastrukturen blei Beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur (BFI) oppretta i oktober 2000. Noregs Bank deltek i utvalet saman med mellom andre Finanstilsynet, Finansnæringens Fellesorganisasjon (FNO), Nets, EDB Business Partner ASA og Verdipapirsentralen ASA.
Hovudoppgåvene til utvalet:
- Å komme fram til og koordinere tiltak for å førebyggje og løyse krisesituasjonar som kan føre til store forstyrringar i den finansielle infrastrukturen
- Å ha hand om nødvendig koordinering av beredskapssaker i den finansielle sektoren, også innanfor det sivile beredskapssystemet
Det blir utarbeidd årlege rapportar om arbeidet i BFI.