Hopp til innhold
English
|
Til forsiden
|
A
A
A
|
Ord og uttrykk
|
FAQ
|
RSS
|
Abonnement
|
Nettstedkart
|
Kontakt
OM NOREGS BANK
PRISSTABILITET
FINANSIELL STABILITET
KAPITALFORVALTING
SEDLER OG MYNTER
Noregs Banks rolle og mandat
Overvåking
Førebygging
Krisehandtering
Det finansielle systemet i Norge
Norges Banks oppgjørssystem
Sikkerhet for bankenes lån
Førebygging
Slik påverkar Noregs Bank føresetnadene for finansiell stabilitet:
Noregs Bank sørgjer for at
oppgjerssystemet
og
kontantforsyninga
fungerer på ein sikker og effektiv måte.
Noregs Bank stiller krav til systemeigarane gjennom rolla som
konsesjons- og tilsynsmyndigheit
for interbanksystem.
Noregs Bank kjem med
utsegner
om regelverk som kan påverke stabiliteten i det finansielle systemet, inkludert finansinstitusjonane. Utsegnene er normalt offentleg tilgjengelege på nettsidene våre frå tidspunktet då breva er sende, så sant ikkje omsynet til bedriftshemmelegheiter eller krav om konfidensialitet hindrar eller utset offentleggjering.
Noregs Bank bidreg med
kunnskap
og informasjon gjennom mellom anna rapportane om finansiell stabilitet og årsrapport om betalingsformidling og gjennom talar og foredrag.
Noregs Bank sender brev til Finansdepartementet to gonger i året med vurderingar av stabiliteten i det finansielle systemet og anbefalingar om tiltak overfor heile sektoren. Vurderingane byggjer på rapportane om finansiell stabilitet.
Erfaring frå den internasjonale finanskrisa (2008/2009) er at myndigheitene bør ha fleire verkemiddel for å gripe inn dersom det er fare for forstyrringar i viktige finansielle tenester. I motsetning til tiltak overfor enkeltinstitusjonar er det snakk om tiltak overfor heile sektoren,
makroregulering av finanssektoren
.
Noregs Bank har ein observatør i styret i Finanstilsynet. Finanstilsynet fører tilsyn med finansinstitusjonane (soliditet, risiko, styring og kontroll) og forvaltar ei lang rekkje forskrifter. Dei kan gripe inn med tiltak overfor enkeltinstitusjonar.
Meir informasjon:
Brev og utsegner frå Noregs Bank
Finansiell stabilitet - rapport
Årsrapport om betalingssystem
Noregs Banks oppgjerssystem
Setlar og myntar
Utskrift
LENKJER TIL ANDRE
Finansdepartementet
Finanstilsynet
SE OGSÅ
Artikler om finansiell stabilitet
Artikler om betalingssystemer