Betalingsstatistikk

Frå byrjinga av 1980-talet har Noregs Bank samla inn statistikk over norsk betalingsformidling.

Frå 1987 fekk statistikkinnsamlinga ein fastare form, idet statistikk blei ein sentral del av informasjonen i Årsrapport om betalingssystem (1987-2005: Årsrapport om betalingsformidling). Årsrapporten og underdokumentasjon til den årlege statistikken er hovudkjelda til den historiske betalingsstatistikken som blir presentert her.

Innhaldet i statistikken har endra seg mykje i løpet av åra, både teknisk og når det gjeld innhald. Dei fyrste åra var statistikkinnsamlinga enklare og mindre fullstendig enn det som er tilfellet i dag. Samtidig har tilbodet av betalingsinstrument og betalingsvanane til publikum og bedrifter endra seg mykje over ein 30-årsperiode. Medan sjekk, papirbasert giro og kontantar blei hyppig brukte for rundt 30 år sidan, har no nye instrument overteke. Generelt har elektroniske betalingsinstrument overteke for dei papirbaserte løysingane.

Endringar i betalingsmønsteret fører til at det er krevjande å utarbeide lange statistiske seriar. Ei utfordring er å fange opp om, og frå kva tidspunkt, eit nytt instrument skal med i statistikken. Det kan hende at det nye instrumentet ikkje slår an. Ei anna utfordring er å fastsetje tidspunkt for når statistikk bør stanse for instrument som er i sluttfasen av livsløpet sitt. Nokre gonger skjer det også endringar for instrument og tenester som er i bruk. Talmaterialet blir difor ikkje helt samanliknbart over tid, og ein bør kanskje gjere endringar i kategoriinndelinga. Dette har ført til varierande start- og sluttidspunkt for dei ulike talseriane. For den eldste delen av statistikkmaterialet har det også vore manglar og "hol" i delar av datagrunnlaget. Dette er delvis erstatta av overslag, som fører til at det er knytt noko uvisse til desse tala.

Statistikken slik han her blir presentert, er eit resultat av nokre kompromiss og stemmer difor ikkje nødvendigvis fullt og heilt med all annan statistikk i andre kjelder for eit eksplisitt tema. Det har også vore nødvendig å justere einskilde tal i statistikken noko samanlikna med dei som finst i tidlegare årsrapportar. Det har som oftast samanheng med at det har vore revideringar av talmaterialet.

Til ein viss grad har vi omtalt presiseringar og føresetnader knytte til det statistiske materialet i fotnotar til tabellverket. Meir utfyllande forklaringar og opplysningar om kjelder er å finne i dokumentet "Forklaringar til tabellane".

Statistikk for generelle data, betalingsmiddel i Noreg, interbank og "annan statistikk" til og med 2005 er utarbeidt av Noregs Bank, medan "annan statistikk" frå og med 2006 er utarbeidt av Statistisk sentralbyrå. Noregs Bank har fått verdifull hjelp frå Statistisk sentralbyrå ved utarbeidinga av annan eldre historisk statistikk.

Publisert 31. august 2012 12:00
Endret 8. juni 2015 14:50