Representantskapet

Representantskapet fører tilsyn med drifta av banken og med at reglane for verksemda blir følgde.

Representantskapet skal av dette føre tilsyn med at hovudstyret har tilfredsstillande styring og kontroll med bankens administrasjon og verksemd, og med at det er etablerte føremålstenlege rutiner for å sikre at bankens verksemd utøves i medhald av lov, avtalar, vedtak og anna rammeverk. Tilsynet omfattar ikkje hovudstyrets utøving av skjønnsmyndigheit etter lova. Representantskapet har rett til innsyn i alle banken sine saker og kan foreta dei undersøkingar som det finn nødvendig for oppgåvene sine etter lova.

Representantskapet vel ekstern revisor, fastset bankens årsrekneskap og vedtek budsjettet.

Representantskapet gir årleg rapport til Stortinget om tilsynet med banken.

Representantskapet har femten medlemmer som blir valt av Stortinget for fire år.

Representantskapet har blant medlemmene oppnemnt Den faste komité som består av representantskapets leiar, nestleiar og tre andre medlemer. Komiteen forbereder og gir innstilling i saker som vert behandla av representantskapet.

Representantskapet har sitt eige tilsynssekretariat som utfører sekretariats- og tilsynsoppgåver.

Publisert 22. mai 2007 14:10
Endret 15. august 2017 14:32