Pengepolitikk (PPO)

Avdelinga skal medverke til ein balansert økonomisk utvikling og til at inflasjonsmålet blir nådd.

Oppgåvene er blant anna:

  • Å utarbeide godt analysegrunnlag for pengepolitikken
  • Å gi råd om rentevedtak
  • Å drive forsking og analysearbeid som støttar opp under avdelinga sine oppgåver

Leiar: Direktør Ida Wolden Bache
Tlf: 22 31 64 22

Einingar i avdelinga:

Politikk og analyse

Eininga har ansvar for arbeidet med pengepolitiske spørsmål, under dette råd om utforminga og innretninga av verkemidla i pengepolitikken. Eininga assisterer også leiinga for området og banken i arbeidet med kommunikasjon av og informasjon om utøvinga av pengepolitikken. Eininga har og ansvar for overvaking og analyse av den nasjonale konjunkturutviklinga og utarbeider delar av Pengepolitisk rapport med vurdering av finansiell stabilitet, som banken gjev ut 4 gonger i året. Eininga har også ansvaret for Noregs Banks regionale nettverk, som er etablert for å styrkje analysegrunnlaget gjennom kontakt direkte med bedrifter, organisasjonar og kommunar. Bruk og vidareutvikling av økonomiske modellar for prognoseformål, og dertil eit system for sammenveiing av korttidsmodellar (SAM), er ein annan sentral del av arbeidet.

Leiar: Per Espen Lilleås
Tlf. 22 31 69 26

Internasjonal økonomi

Eininga har ansvar for overvaking og analyse av den internasjonale økonomiske utviklinga. Eininga har også operativt ansvar for Noregs arbeid mot IMF og tek seg av Noregs Banks interesser og verksemd når det gjeld andre internasjonale spørsmål.

Leiar: Anne Berit Christiansen
Tlf. 22 31 60 94

PPO / FST modell

Eininga utviklar modellar og analyseverktøy som skal betre avgjerdsgrunnlaget for pengepolitikk og rådgjeving innanfor makrotilsyn. Eininga fokuserer på makroøkonomiske problemstillingar.

Leiar: Karsten Gerdrup
Tlf. 22 31 64 40

Forsking

Tilsette forskar på områda makroøkonomi, pengepolitikk, korleis finansmarknadene verkar, åtferda til finansinstitusjonar, problemstillingar knytt til betalings- og oppgjerssystem og samspelet mellom finans- og realøkonomien. Forskinga skal ha ein slik fagleg kvalitet at produkta kan publiserast i internasjonale eller nasjonale tidsskrift med fagfellevurdering. Eininga gjer faglege råd til Noregs Bank sitt arbeid med å identifisere, førebyggje og handsame finansiell ustabilitet og fremje finansiell stabilitet og robuste og effektive betalings- og oppgjerssystem.

Leiar: Kasper Roszbach
Tlf. 22 31 68 65 / +46 760 330 775

Publisert 6. februar 2007 12:28
Endret 8. august 2017 14:05
Ida Wolden Bache
Direktør i Pengepolitikk (PPO)

Kontakt:

Tlf.: 22 31 64 22