FAQ - Gull

  1. Kor mykje gull har Noregs Bank?
    Noregs Bank har selt gullbehaldninga si med unntak av sju gullbarrar til utstillingsformål og 3 ½ tonn gullmyntar som var med på ”gulltransporten” til England ved krigsutbrotet i 1940. Noregs Bank har ikkje lenger gull som ein del av dei internasjonale reservane sine.
  2. Når selde Noregs Bank gullet sitt?
    Noregs Bank selde 33,5 tonn gullbarrar i første kvartal 2004. Les pressemelding frå 28. januar 2004.
  3. Kva pris fekk Noregs Bank for gullet?
    Totalt fekk banken 447,4 millionar amerikanske dollar, noko som tilsvarar om lag 3,1 milliardar norske kroner.
  4. Kan de seie kven som kjøpte gullet?
    Nei, men det blei selt på den internasjonale gullmarknaden i London.
  5. Kvifor selde Noregs Bank gullbehaldninga?
    Bakgrunnen for salet var at gullet berre utgjorde vel éin prosent av dei internasjonale reservane i banken, og at det derfor i liten grad tente til å spreie risikoen i reservane. Gull speler ikkje lenger noka viktig rolle i det monetære systemet.
  6. Kan eg kjøpe gull i Noregs Bank?
    Nei, for å få kjøpe gullmyntar må du ta kontakt med ein mynthandlar. Tenkjer du på gull som investeringsobjekt, kan du ta kontakt med ein av dei større bankane.
  7. Kor mykje kostar ein kilo gull?
    Prisen varierer. Det finst ei oversikt hos Statistisk sentralbyrå i ein tabell som heiter ”Spotpris metaller”. The London Bullion Market Association har òg statistikk over gullprisar.
  8. Gulltransporten i 1940: Kor stor var gullbehaldninga som blei frakta til England?
    Gullet som blei frakta ut av Oslo om morgonen 9. april 1940, bestod av 818 kassar à 40 kilo, 685 kassar à 25 kilo og 39 kaggar à 80 kilo. Totalvekta for lasta var 53 tonn, mens ”gullvekta” var om lag 48,8 tonn. Verdien vart sett til 120 millionar kroner i dåtidas valuta. Verdien blei oppskriven og bokført til ein verdi av 240 millionar kroner i juli 1940.
    Sjå også artikkelen "Gulltransporten 1940" av Turid Wammer (pdf, 1MB) i Nordisk Numismatisk Unions medlemsblad 1/2011.
Publisert 14. november 2007 14:41
Endret 25. juni 2010 13:30