FAQ - Banktenester - utlandet

  1. Kan eg opprette konto i ein utanlandsk bank?
    Alle kan opprette konto i utanlandsk bank eller ha anna kontomellomvære med utlendingar. Ver klar over at kontoar i utlandet skal førast opp i sjølvmeldinga, og at det same gjeld eigedommar og verdipapir som ein skaffar seg via slike kontoar.
  2. Må eg rapportere til Noregs Bank dersom eg opprettar konto i utlandet?
    Nei. Melde- og rapporteringsplikta som Noregs Bank tidlegare hadde for kontoar i utlandet, tok slutt 1. januar 2005. Det same gjeld rapportering av lån i utlandet.
  3. Er pengane min sikre i utanlandske bankar?
    Alle bankar som høyrer til i land i EU/EØS har ordningar som sikrar innskota. Meir informasjon finn du på heimesidene til Bankenes sikringsfond.
  4. Korleis går eg fram når eg vil opprette konto i utlandet?
    Noregs Bank kan ikkje gi råd om korleis ein går fram for å opprette konto i utlandet. Dette må kunden sjølv ta opp med banken sin.
  5. Kan eg ta opp lån i ein utanlandsk bank?
    Ja. Alle kan ta opp lån i ein utanlandsk bank.
  6. Kor mykje kontantar kan ein ta med inn og ut av Noreg?
    Dersom ein tek med norske eller utanlandske kontantar (setlar og myntar) til eller frå utlandet, skal det deklarerast overfor tollvesenet dersom verdien av kontantane tilsvarer 25 000 norske kroner eller meir. Deklareringsskjema finn ein på flyplassar og i ferjehamner med utanlandstrafikk og på heimesidene til Tollvesenet. Spørsmål om deklareringsplikta kan rettast til Toll- og avgiftsdirektoratet, tlf. 22 86 03 00.
  7. Må eg rapportere til Noregs Bank om overføring av pengar til eller frå utlandet?
    Nei. Ved utanlandsbetaling gjennom norsk bank (også overføring av midlar til/frå konto i utlandet) rapporterer banken betalinga til valutaregisteret i Skatteetaten. Spørsmål om valutaregisteret kan rettast til Skatteetaten, tlf. 800 80 000. Plikta for bankane til å rapportere om kundane sine utanlandsbetalingar, er omtala i Valutaregisterlova.
  8. Kven har lov til å drive betalingsformidling til og frå utlandet?
    Det følgjer av Finansforetaksloven, kapittel 2 (§ 2-10), kven som kan drive betalingsformidling. Sjå også Om betalingsforetak på heimesidene til Finanstilsynet.
  9. Har Noregs Bank oppgåver i samband med kontroll av utanlandsbetalingar?
    Frå og med 2005 har Noregs Bank ingen oppgåver i samband med kontroll av utanlandsbetalingar. Det gjeld både datasamarbeidet med tollstyresmaktene, skattestyresmaktene og politiet (Økokrim) og oppgåver som Utanriksdepartementet delegerer i samband med FN-sanksjonar mot utvalde land og regime.
    Noregs Banks forskrift om valutaregulering (valutareguleringsforskrifta – ofte kalla valutaføresegnene) blei oppheva 1. januar 2004. Dei fleste føresegnene om valutatransaksjonar og utanlandsbetalingar blei oppheva så tidleg som i 1990, og dei som stod att, gjaldt stort sett melde- og rapporteringsplikt.
Publisert 14. november 2007 14:20
Endret 2. januar 2017 10:57