FAQ - Banktenester - Noreg

  1. Kan eg opprette konto i Noregs Bank?
    Nei, det kan du ikkje. Noregs Bank er banken for bankane og utfører ikkje banktenester for private. Sjå Finansportalen for råd om kva bank du bør nytte.
  2. Kan eg veksle utanlandske setlar og myntar i Noregs Bank?
    Som sentralbank har Noregs Bank einerett på å utferde norske setlar og myntar. Noregs Bank har ingen ordinære banktenester for publikum og derfor ingen publikumsekspedisjon. Det er bankane som kjøper og sel utanlandske setlar og myntar til sine kundar.
  3. Eg meiner at banken min har gjort ein feil. Kan eg klage til dykk?
    Finansklagenemnda (tidlegare Bankklagenemda) er klagenemnd for forbrukarane i bank- og finanssaker. Nemnda behandlar klager om kausjon, lån, sjekk- og lønnskonto, minibankkort og andre avtaleforhold. Før du kan leggje ei sak fram for nemnda, må du sjølv prøve å løyse problemet med banken eller finansinstitusjonen. Elles er det Finanstilsynet som fører tilsyn med bankane enkeltvis, mens Noregs Bank har ansvaret for at heile banksystemet verkar godt og stabilt.
  4. Er innskot i norske bankar sikra?
    Innskot i norske forretnings- og sparebankar, og OBOS, er dekte av Bankenes sikringsfond. Innskot er sikra med opptil to millionar kroner. Alle bankar med norsk konsesjon har rett og plikt til å vere medlem av Bankenes sikringsfond. I tillegg kan norske filialar av bankar innanfor EØS-området på frivillig basis knyte seg til det norske fondet dersom dekninga i heimlandet er lågare enn det som gjeld i Noreg.
    Les meir på nettsidene til Bankenes sikringsfond.
  5. Korleis kan eg finne ut om banken min er medlem av Bankenes sikringsfond?
    Bankenes sikringsfond har ein oversikt over alle norske bankar og kredittinstitusjonar som er medlemmer.
  6. Kva dagar er bankane i Noreg stengde?
    Det finn du på lista over nasjonale helgedagar.
  7. Kvar finn eg statistikk over betalingsformidlinga i Noreg, til dømes kor mange betalingskort og betalingsterminalar det er, eller kor mange rekningar som betalast gjennom nettbank?
    Noregs Bank samlar årleg inn mengde- og prisopplysningar om betalingsformidlinga i Noreg. Opplysningane blir offentleggjorde i Årsrapport om betalingssystem.
  8. Finst det tilsvarande opplysningar for andre land?
    Ein del opplysningar for EU-landa er tilgjengelege i den såkalla Blue book, som Den europeiske sentralbanken publiserer på Internett-sidene sine. Tilsvarande opplysningar om G10-landa offentleggjer Den internasjonale oppgjersbanken (BIS) i si Red book.
  9. Kva kostar betalingsformidlinga i Noreg?
    For 2007 gjennomførte Noregs Bank ei undersøking av kostnadene i betalingssystemet. Resultata er presentert i Årsrapport om betalingssystem og i ein artikkel i Penger og kreditt 1/2009. Dei samla kostnadene for samfunnet ved å bruke og produsere betalingstenestene kort, giro og kontantar er i undersøkinga rekna til 11 milliarder kroner, som svarer til om lag 0,5 prosent av brutto nasjonalprodukt. Noregs Bank samler også inn prisopplysningar for dei mest brukte betalingstenestene. Informasjon om det finn du i Årsrapport om betalingssystem.
  10. Eg har fått ein e-post der det står at eg har vunne i eit lotteri, og avsendaren ber meg sende over kontonummeret. Er det trygt?
    Dette er ei form for svindel der avsendaren prøver å lure ut personleg informasjon om deg, til dømes kontonummer, kredittkortnummer og personnummer. På Internettsidene nettvett.no finn du meir informasjon om denne typen svindelforsøk.
Publisert 14. november 2007 14:09
Endret 10. august 2010 12:55